Forskar meiner distrikta får småpengar i forslaget til statsbudsjett

Landbruksforskar Reidar Almås meiner dei distriktspolitiske løyvingane i framlegget til statsbudsjett er for småpengar å rekne. Han kallar forslaget om å auke CO2-avgifta for ein skikkeleg smell for Distrikts-Noreg.

Landbruksforskar Reidar Almås meiner forslaget til auke i CO2-avgifta i statsbudsjettet for 2022 vil råke Distrikts-Noreg hardt. Samstundes meiner han dei distriktspolitiske løyvingane frå regjeringa er for småpengar å rekne.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Generelt er det eit attkjennande Solberg-budsjett. Det er ikkje nokon store overraskingar. Ein kunne venta at oljepengebruken blei nedskalert, men det blir framleis brukt meir oljepengar no enn i den raud-grøne perioden. Så det er framleis ein betydeleg oljepengebruk, seier forskar Reidar Almås ved forskingsinstituttet Ruralis til Nynorsk pressekontor.