Norad vil at Norge skal vente med tredje vaksinedose

Norad meiner at friske nordmenn under 65 år ikkje skal få den tredje dosen sin av koronavaksine no og vil heller gi dosane til fattige land.

– I den fasen vi er i no, er det veldig viktig at dei rike landa held igjen. Vi trur det mest effektive både for oss sjølv og for verda generelt er at ein no prioriterer vaksinar til fattige land, seier direktør Bård Vegar Solhjell i Norad til VG.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Ifølgje VG har Norad – Direktoratet for utviklingssamarbeid – fått i oppdrag av regjeringa å vurdere ringverknadene til pandemien for norsk bistand. Etaten sende før helga eit brev om saka.