Føraren har forklart at han meiner det var feil på bremsene

Føraren av bilen som køyrde inn i ein parkert bil som blei pressa inn i eit hus i Måløy har sagt til politiet at han meiner det var feil på bremsene.

Det vart store skader på både bilane og huset.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Det var 28. september om ettermiddagen at ein bil køyrde inn på eit tun i Gate 3 i Måløy. Bilen køyrde gjennom eit rekkverk før den trefte ein parkert bil som vart pressa gjennom veggen og inn på soverommet i huset.