Strikkar sokkar for å halde andre menneske varme

– Vi strikkar sokkar til folk som treng det og leverer dei til Frelsesarmeen. Dei deler ut desse til menneske som treng desse over heile landet, seier Laila Utnes Piel i Stårheim bygdekvinnelag. Ho håper fleire vil strikke endå meir før ho sender avgarde alle plagga som er komne inn.

Stårheim bygdekvinnelag strikkar på for å varme folk som treng det. Dei håper endå fleire kastar seg med i innspurten.  Foto: Privat

Nyheter

Laila Utnes Piel fortel at ein treng sokkar i alle fargar og størrelsar, og at ein spesielt treng varme, store herresokkar. Stårheim bygdekvinnelag har vore med på kampanjen «Sokker som varmer» tidlegare, og bestemte seg for å hjelpe til i år også. Kampanjen er eit samarbeid mellom vekebladet Familien og Frelsesarmeen.