Vil inngå intensjonsavtale for å sikre seg areal til å kunne bygge basseng ved hotellet

Formannskapet i Stad kommune skal ta stilling til om dei vil inngå intensjonsavtale med Selje Hotell Invest for å sikre seg delar av hotelltomta til nytt basseng i Selje.

Det er den gamle hotelltomta øvst i bilde kommunen ønsker å kjøpe.  Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Stad kommune ønsker å bygge nytt svømmebasseng i Selje på eiga tomt. Dette var også utgangspunktet då Stad kommunestyre fatta sitt vedtak i 2020. Bygging av ny svømmehall har vore utlyst på Doffin (nasjonalt) og i TED-basen (EU), der tilbydarar skulle tilby ferdig svømmehall inkludert tomt for utbygging.