Utbrot i Nordfjord har 60 nærkontaktar – nokre av dei i nabokommunen

Fleire i Stad kommune er definert som nærkontaktar etter eit utbrot i Gloppen der tre er smitta.

Fleire i Stad kommune er definert som nærkontaktar etter eit utbrot i Gloppen der tre er smitta.   Foto: Kjellrun Åsebø

Nyheter

Rundt 60 personar er definerte som nærkontaktar etter at tre personar har fått påvist korona i Gloppen. Fleire av desse nærkontaktane er i nabokommunen, Stad kommune.

– To skuleklassar, to turngrupper og ei handballgruppe er råka. Smitta har også følgd skuleskyss, skriv NRK, som viser til Gloppen kommune sine heimesider.