Varslar om ein lite berekraftig kommuneøkonomi: Sprekk med 24 millionar etter andre tertial

– Ut frå kjent økonomisk informasjon på tidspunkt for rapportering, må Kinn kommune balansere driftsrekneskapen med betydeleg bruk av bufferfond i 2021, seier kommunalsjef økonomi Linda Nipen i rapporten etter andre tertial.

– Det er stor risiko for at bufferfondet vert tappa i 2021, og at kommunen går ut med eit meirforbruk i driftsrekneskapen, seier kommunalsjef Linda Nipen.   Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

Totaloversikta over drift viser eit prognoseavvik på - 24,019 millionar kroner med overforbruk på fleire tenesteområde, og Nipen konkluderer med at Kinn kommune si drift ikkje er økonomisk berekraftig.