Har stort behov for lokale fagfolk som Markus, Arvid og Kevin – vil ha tilbake studietilbod

Personalsjef Hans Ole Svarstad i Båtbygg på Raudeberg ønsker seg fleire som lærlingane Arvid, Markus og Kevin som jobbar ved verftet no, og håpar linja for industriteknologi ved MVS, som blei lagt ned i 2015, blir starta opp igjen.

Lærlingane Markus Tvendeseter Kupen (20), Arvid Myre Kvalheim (20) og Kevin Halsør (19) er dei tre lærlingane som jobbar ved Båtbygg på Raudeberg i dag. Personalsjef Hans Ole Svarstad (i bakgrunnen) skulle ønske det var lettare å rekruttere endå fleire fagarbeidarar lokalt.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

– Behovet for lokale fagarbeidarar er skrikande. Vi skulle hatt fleire slike unge som interesserer seg for maskin og industrifag, seier Svarstad.