Inviterer til konfirmantfestival med tidlegare Farmen-deltakar

Laurdag 30. oktober arrangerer KFUK KFUM Sogn og Fjordane, saman med kyrkja i Nordfjord, konfirmantfestival for 330 konfirmantar i Operahuset på Nordfjordeid. Ungdomsorganisasjonen har henta inn Farmen-kjendis og prest, Thor Håvik, som gjest.

Festival: Laurdag brakar det laust i Operahuset Nordfjord. Då tar dagleg leiar i KFUK-FKUM Sogn og Fjordane, Stein Robert Osdal imot over 300 konfirmantar til festival med mykje moro. Her er han i samband med ei øving til barnefestivalen tidlegare i år.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– I år har vi og eit samarbeid med Bjørgvin bispedøme som vil kome med fjorårets farmen-deltakar Thor Håvik. I tillegg kjem låtskrivaren Sophie frå Sandane og dyktige musikarar og dansarar som definitivt vil skape både eit godt show frå scena saman med god formidling gjennom Thor Håvik, seier dagleg leiar i KFUK-KFUM Sogn og Fjordane, Stein Robert Osdal i ei pressemelding.