Bekymra for korleis det skal gå med elevane på Skram skole

– No må alle sjå at Kinn var feilslått

Raudt sitt fokus i Kinn-politikken har vore lovpålagte oppgåver, og derfor har ny Skram skole vore eit av dei investeringsprosjekta dei har vore mest bekymra for. Tysdag, i formannskapet, fekk dei all uro bekrefta.

Raudt har hatt fokus på dei lovpålagte oppgåvene i Kinn, og derfor har eit av dei investeringsprosjekta dei har vore mest bekymra for vore Skram skole og nybygg. I dag i formannskapet fekk dei uroa bekrefta.   Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

– Vi har vore veldig bekymra for alle lovpålagte oppgåver når det har vore full gass på investering, og vi skal gjere alt. Derfor har vi dei siste to åra snakka om prioriteringar, at vi må ta dei lovpålagte oppgåvene først, at vi ikkje må stille oss sånn at vi kjem inn i Robek og må kutte alt. Og inne i denne bekymringa har Skram skole vore høgt oppe. Den største bekymringa har vore at realiteten kjem til å innhente oss, og realitetane for Skram skole innhenta oss i dag, seier gruppeleiar i Raudt, Daniel Henriksson, til Fjordenes Tidende.