Kinn-budsjettet: Må redusere med 35 årsverk, og ny barneskule, rådhus, badeanlegg, fotballhall og gymsal må vente

Kommunedirektør Terje Heggheim hadde ein dyster bodskap til formannskapet i Kinn tysdag: – Kommuneøkonomien går ikkje i hop. Vi må redusere årsverk og sette store investeringsprosjekt på vent.

Kommunedirektør Terje Heggheim hadde ein dyster bodskap til formannskapet i Kinn tysdag: – Kommuneøkonomien går ikkje i hop. Vi må redusere årsverk og sette store investeringsprosjekt på vent.   Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

– Det er kolossalt vanskeleg det eg skal seie no. Det utfordrar mykje av det som er vedtatt tidlegare, det utfordrar intensjonsavtalen vi hadde og det utfordrar investeringane vi har planlagt, sa Heggheim, då han skulle orientere om budsjett for neste år og økonomiplanen fram til 2025.