Meiner endringane for skipstunnelen er til det beste for prosjektet

Kinn-ordførar Ola Teigen (Ap) kastar seg inn debatten etter at det måndag vart kjent at oppstart av Stad skipstunnel er forskyvd eitt år, samt at gigantprosjektet er flytta over i eit anna departement. Han meiner at det som har skjedd er til det beste for prosjektet.

Positiv: Ola Teigen ser positivt på endringane som kom fram i måndagens forslag til statsbudsjett.   Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Det var fleire som reagerte negativt på dei varsla budsjettendringane som Senterpartiet og Teigen sitt parti, Arbeidarpartiet, la fram måndag. Tidlegare Stad-ordførar, og no stortingsrepresentant, Alfred Bjørlo (V), uttalte mellom anna at det er grunn til å rope varsku når det gjeld kva regjeringa eigentleg vil med tunnelen.