Ber bilistane om å vere tolmodige: – Det blir bra til slutt

Pendlarar på veg til eller frå Måløy har den siste tida måtte belage seg på ein del ventetid grunna trafikksikringsarbeidet som går føre seg på riksveg 15. Anleggsleiar i Mesta, Vidar Solheim, lovar at det blir bra til slutt.

Kø: Arbeidslaget held mellom anna på ved Nygård. Mesta forklarar at ein må forvente ei ventetid på mellom 15-20 minutt.   Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

Arbeidet som no går føre seg gjeld skogrydding og fjellsikring mellom Brunsvik og Måløybrua. Per no er arbeidslaget i gang ved Nygårdssvingane og jobbar seg mot Måløy.