Høyrde ikkje på innbyggarane: Fleirtalet ville ikkje ta opp igjen saka om nattevakt og kjøkken

Det vart mykje kviskring i salen då innbyggjarforslaget om å ta opp igjen saka om nattevakt og kjøkken ved Klokkartunet omsorgssenter i Davik skulle handsamast av kommunestyret i Bremanger torsdag.

Tek ikkje opp att saka: Fleirtalet gjekk for å avvise innbyggjarforslaget.  Foto: Seline Larsen

Nyheter

5. september i år bad bygdelaga på sørsida av Bremanger, Davik, Ålfoten og Kolseth om at saka om nattevakt og kjøkken ved Klokkartunet omsorgssenter vart tatt opp til ny vurdering som eit innbyggjarforslag. Dei samla inn over 100 underskrifter frå innbyggjarar over 18 år.