Korpsa stilte med sykkel på scena og song frå Tanzania: – Vi likar det litt publikumsvenleg

På den første konserten for vaksenkorpsa i Stad vart publikum overraska med musikk på sykkelbjelle og song frå Tanzania.

Underhaldande: Eid Musikklag overraska publikum då Hilde Hoddevik kom med sykkel inn på konsertscena i Sagastad og spelte solo på sykkelbjelle på stykket The Happy Cyclist av Ted Huggens.   Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Vi likar å ha det litt publikumsvennleg. Folk forventar ikkje at det plutseleg kjem ein sykkel inn på scena og heller ikkje at vi leikar afrikansk song frå Tanzania. Vi synest det er litt gøy. Det verka som at publikum likte det, seier dirigent for Eid Musikklag, Arvid Anthun.