Onsdag kan fleire enn vanleg finne Fjordenes Tidende i postkassa si

Av og til får vi i Fjordenes Tidende lyst til å vise endå fleire kva vi driv med, og det har vi bestemt oss for å gjere denne veka.

Neste papirutgåve av Fjordenes Tidende kjem dermed i alle postkasser i nordre del av Kinn, og heile Stad, Bremanger og Vanylven kommunar uavhengig av om ein er abonnent eller ikkje.  Foto: Svanhild Breidalen

Nyheter

Neste papirutgåve av Fjordenes Tidende kjem dermed i alle postkasser i nordre del av Kinn, og heile Stad, Bremanger og Vanylven kommunar uavhengig av om ein er abonnent eller ikkje.

Og fordi distribusjonen på denne avisa er så stor, kjem avisa ut på onsdag denne veka. Trofaste abonnentar må dermed ikkje bli uroa når avisa ikkje er i postkassa tysdag. Den kjem onsdag.

Her kan du glede deg til å lese om det som skjer i eigen kommune og kommunane rundt deg. Det blir saker om næringsliv og nye bedrifter, folk som har gjort flotte ting, lokalt kulturliv, sport, utfordrande kommuneøkonomi, lokal beredskap, feiring av den frivillige innsatsen, debattinnlegg, bildeseriar og mykje meir.