Vil du vere med og markere årets varmaste dag?

Tirsdag 23. november blir MOT til å glede-dagen markert over heile landet.

Tirsdag 23. november blir MOT til å glede-dagen markert over heile landet, også på Vågsøy ungdomsskole. Bildet er frå ei tidlegare markering på skulen.  

Nyheter

Vågsøy ungdomsskole er MOT-skule, og markerer MOT til å glede-dagen på skulen.

Her vil skulen, ung motivator og 10. klasse markere dagen med sjokoladekake og hyggelege kort og helsingar. Og ikkje minst store smil!

– MOT til å glede-dagen handlar om å ha mot til å leve og mot til å bry seg – og vi oppfordrar ungdom og voksne over heile landet til å bidra til at dagen blir hugsa som årets varmaste dag, skriv Kinn kommune i ei pressemelding.

Det viktigaste bodskapen for denne dagen er å spreie glede.

– Slike ting betyr meir enn du trur! Etter ei vanskeleg og framleis krevjande tid med sosiale avgrensingar er det viktigare enn noko sinne å spreie glede og hjartevarme. Det treng ikkje koste noko, men det kan bety så mykje, skriv dei og legg til:

– Vi vil utfordre alle til å glede nokon dei møter denne dagen. Sei hei til naboen, smil til alle på din veg, ta ein telefon til ein ven du ikkje har sett på ei stund eller kanskje du kan skrive eit hyggeleg kort til ein framand og putte i postkassa?