2020: Foreslo å kutte 30 årsverk – 2021: Auka med 41 årsverk

Stad kommune skal spare inn 65 millionar kroner for å kome i budsjettbalanse neste år. Utfordringane var synlege også i fjor, men sjølv om kommunedirektøren då foreslo å kutte 30 årsverk, viser tala for 2021 at kommunen i staden har auka opp med 41 årsverk.

Kommunedirektør Åslaug Krogsæter orienterte om talet på auka stillingar i kommunen.  Foto: Fjordenes Tidende

Nyheter

Då budsjettprosessen for 2021 starta i fjor haust mangla Stad kommune nær 46 millionar kroner på å få eit budsjett i balanse. Eitt av grepa kommunedirektør Åslaug Krogsæter foreslo, var å kutte talet på årsverk med 30 innan 2023.