Feirer 100-årsdagen eitt år på etterskot

I fjor fyllte Frelsesarmeen i Måløy 100 år, men grunna pandemien vart det ingen feiring. No tek dei opp att tråden og feirer tre dagar til ende.

Endeleg: Til helga skal gjengen i Frelsesarmeen i Måløy få feira 100-års dagen til korpset i Måløy.  Foto: Kjellrun Åsebø

Nyheter

– 1. desember i fjor fylte vi 100 år, og hadde lagt opp til feiring, men det blei ikkje noko av. Når kommandøren no seier at dei gjerne vil kome på besøk i år, så tek vi opp igjen feiringa, fortel Inger Furnes ved Frelsesarmeen i Måløy.