Private barnehagar stenger i protest mot regjeringa sine kuttforslag

Dei private barnehagane som er medlemmar i Private Barnehagers Landsforbund (PBL) er oppmoda om å stenge tidlegare på dag enn vanleg onsdag. Dette er ei markering mot regjeringa sine forslag om kutt i tilskot, noko dei meiner vil ramme kvaliteten i private barnehagar over heile landet.

– Dei føreslegne kutta i statsbudsjettet vil til slutt ramme eksistensen til kvar enkelt private barnehage, enten den er del ei ein kjede eller den står åleine, seier styrar Anne-Britt Nor i Læringsverkstedet Eid barnehage.  Foto: Læringsverkstedet Eid barehage

Nyheter

Læringsverkstedet har bestemt at Læringsverkstedet Eid barnehage og Kjølsdalen Montessoribarnehage som medlemmar i PBL støttar aksjonen.