Vemodig for dei tilsette å tenke på eit tomt kjøkken: – Vi må berre gjere det beste ut av det

For dei tilsette på det kommunale kjøkkenet i Måløy er det spesielle dagar. Dette er siste veka dei jobbar på arbeidsplassen dei er glade i, og med faget dei brenn for og har utdanning i.

Kjøkenet er vedtatt nedlagt frå 1. desember. Likevel kjem saka opp i kommunestyremøtet same månad.  Foto: Kjellrun Åsebø

Nyheter

Samtidig er dei takknemlege for at dei skal overførast til andre jobbar i kommunen og ikkje står utan arbeid etter 1. desember.