Kystruta må utsette jomfruturen

Skipet Havila Capella kjem i dag til Bergen hamn som det fyrste av dei fire nye kystruteskipa til Havila Kystruten, men datoen for første rundreise må utsettast.

Forseinka: Kystruta kjem ikkje i gang til planlagt dato.  Foto: Havila Kystruten

Nyheter

Den fyrste rundreisa til skipet har vore planlagt frå 1. desember, men forseinka avgang frå verftet i Tyrkia, tøffe vêrforhold på seglturen heim og ei ekstra bunkring undervegs har ført til at dei må utsette avgangen. Det blir nemleg for kort tid til å gjere skipet og mannskapet klart til oppsett dato.