Store smil hos ordførarane då banken kom med 400.000 til skipstunnelen

Pengane skulle gå til eit ringverknadsprosjekt rundt skipstunnelen, og det var ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande (V), som hadde sendt søknad til Sparebanken Møre for tre kommunar rundt Stad skipstunnel.

Stor pengestøtte: Arbeidet med ringverkander for Stad skipstunnel får tildelt 400.000 kroner frå Sparebanken Møre. Her frå overrekkinga f.v. ordførar Lena Landsverk Sande, Vanylven, ordførar Gunnar Silden, Stad, banksjef Sissel Kragset Vik og senior næringslivsrådgjevar Elisabeth Nytun Fredriksen, begge Sparebanken Møre.  Foto: Siri Kolseth

Nyheter

– Eg er litt himmelfallen, seier Landsverk Sande etter at tildelinga av 400.000 kroner vart gjort kjend.