Vil ha lågare fartsgrense forbi husa sine

Bremanger kommune har lagt kommunedelplan for trafikktrygging for 2022-2025 ut på høyring. I ein merknad ber fastbuande ved Indre Lofnes om at 60-sona blir forlenga.

Illustrasjonsfoto frå Leirgulen.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

Dei fastbuande ber kommunen om at det blir spelt inn forslag om at nedsett fartsgrense i Leirgulen på fv. 616 blir forlenga i retning Bortnen til forbi Indre Lofnes. I dag er det 80-sone på den aktuelle strekninga.