Kommunedirektøren takka av dei tilsette ved kjøkkenet

– Dei har vist ei sunn innstilling til det å vere ein del av ein så omfattande endringsprosess, seier kommunedirektør Terje Heggheim i fredagsbrevet.

Kommunedirektøren besøkte dei tilsette på kjøkkenet i Måløy i deira siste produksjonsveke. Han rosar dei for måten dei har takla omstillingsprosessen.  Foto: Kjellrun Åsebø

Nyheter

I samband med at kommunen går over til å levere mat frå Bordgleder KF, følgde kommunedirektøren Halvor Halvorsen, som er dagleg leiar for det kommunale føretaket, rundt om i Måløyområdet.