Snøen kan bli liggande heile helga

Snøen lava ned over store delar av Ytre-Nordfjord torsdag. Meldingane for helga tilseier at den kan bli liggande i nokre dagar framover.

Snø og sol: Slik blir helgevêret.  Foto: Kjellrun Åsebø

Nyheter

Sett vekk ifrå fredag ettermiddag er det stort sett meldt null eller kuldegrader heile helga. Temperaturen vil ligge på null eller rett under ute ved kysten, medan det vil bli heilt ned i seks kuldegrader lenger inne i fjorden.

Ute ved kysten melder meteorologane om ei helg med opphaldsvêr. Laurdags kveld og søndags morgon kan det bli små mengder med nedbør i den indre delen av Ytre-Nordfjord.

Midt på dagen om laurdagen og søndagen blir det fleire timar med knall sol, og kanskje også skyfri himmel.