Vil du lese om storsatsingar, sterke bedrifter og suksesshistorier frå sjømat, havbruk og fiskeri?

No kan du lese Fjordenes Tidende og Firdaposten sitt magasin «Hav av moglegheiter». Magasinet er det nittande i rekka.

Storsatsing: Biolog Kristin Uv Ramsli (24) frå Ås på Austlandet fann draumejobben på Davik i Bremanger, i Gadus Group si store satsing på oppdrettstorsk. Kristin og Gadus Group kan du lese meir om i magasinet «Hav av moglegheiter».  Foto: Jørn-Arne Tomasgard

Nyheter

I magasinet kan du mellom anna lese meir om stortsatsinga til Gadus Group, Havlandet som er tidleg ute med landbasert satsing, kor OFS Måløy og Smart Salmon i Bremanger står i si landbaserte satsing, det store behovet for faglært arbeidskraft i verfts- og elektroindustrien og kva utdanningsinstitusjonane tenker om korleis kvinner finn sin plass i fiskeria.

Her finn du den digitale utgåva av magasinet.