Vil ikkje lenger gå i vaktturnus når ambulansen forsvinn: – Dette kan ikkje vi ta ansvar for

Dei to fastlegane i ytre Bremanger vil ikkje lenger gå i vaktturnus når den bemanna ambulansen blir fjerna. – Dette kan vi ikkje ta ansvar for. Det er skuffande at Helse Førde ikkje lyttar til oss, men er meir opptekne av pengar enn av liv og helse.

Fastlegane Lotfollah Solaty Kuranloo (t.v.) og Ravikumar Ehambaranathan i Bremanger er skuffa over at styret i Helse Førde ikkje lytar til dei som har ansvaret for akuttberedskapen i ytre Bremanger. Dei vil ikkje ta ansvar og gå i vaktturnus når dei dei ikkje lengre kan få hjelp av ein bemanna ambulansebil.   Foto: SINDRE BLÅLID KVALHEIM

Nyheter

Det seier Lotfollah Solaty Kuranloo, som er ein av to fastlegar i ytre Bremanger til Fjordenes Tidende dagen etter at Helse Førde vedtok å erstatte ambulansebil med båt frå og med neste år.