Bordgleder har gått gjennom tal, prisar og kostnadar: – Kalkulering er ein vedvarande prosess

Tre plassar i rapporten frå PwC om kjøkkentenesta i Kinn kommune omtaler dei varekostnadane som usikre, og peikar på at det at datagrunnlaget dei har hatt tilgjengeleg har vore oppdelt, har gjort det lite oversiktleg og krevjande å samanlikne dei to produksjonslokasjonane.

To av rapportane Kinn kommune støttar seg på med tanke på gjennomføringa av reduksjonen frå to til eitt kjøkken.  Foto: Kjellrun Åsebø

Nyheter

Bordgleder KF sendte inn saldobalanse med tal for 2020 og budsjett 2021. I dette var også alle tenester til eksterne inkludert. Ifølgje PwC var ikkje detaljnivået optimalt sidan varekost består av berre ein konto.