Ladeboks ny næring: Åtvarar mot brannfarleg elbillading i vanleg stikkontakt

Salstala for avgiftsgunstig elbilar stig kraftig. Men kjøper du elbil, må du også sørge for trygg lading heime. Ein ser stadig døme på at elbillading i vanleg stikkontakt er brannfarleg.

Ladeboks ny næring: Installasjonsleiar Asle Ronny Henden (t.v.) og serviceleiar Pål Tallaksen i Eid Elektro med Easee-ladeboksen dei forhandlar. – Det har utvikla seg ein standard for ladesystem kalla Mode 3 med type 2-kontakt. Det passar til dei fleste elbilar som blir produsert no, seier Henden. 

Nyheter

Tenk deg at du kjøper ny elbil, noko stadig fleire gjer som omstilling til ei utsleppsfri framtid. Kva gjer du når bilen står heime i garasjen og batteriet byrjar bli tomt? Eit nærliggjande svar på spørsmålet er å ta den ladaren som følgjer med bilen og plugge han i nærmaste stikkontakt. Men det kan vere eit fatalt val.