Skal strøyme friskt Nordsjøvatn gjennom landanlegget

BULANDET: – Vi reknar med å vere i drift med piloten i april og har no fått tilsett dyktige folk som skal drifte anlegget.

BULANDET MILJØFISK: Frå venstre Asbjørn Dyrkorn Løland (FoU og fiskehelse), Egor Gaidukov (ass.driftsjef)),rådgjevar Ola Sveen, dagleg leiar og organisasjonsutviklar Hans Haddal, Christian Hatlem Skår - prosjektleiar og prosjekteringsleiar Tore Bø. Nytilsett driftssjef Øivin Høie var ikkje tilstades denne dagen.  Foto: Pressefoto

Nyheter

Vi møter to av gründerane, dagleg leiar Hans Haddal og rådgjevar Ola Sveen på den hektiske byggeplassen på Gjørøy i Bulandet. Etter veker med synnjakuling og haustregn, skimtar vi endeleg sola gjennom nokon revner i det drivande skylaget. Gravmaskinene er i full sving med gravearbeid til sjøvatn-inntaket mot nord og på sjølve anleggsområdet, der dei første kara er komne på plass i byggegropa godt under havnivå. Sjøvatn skal pumpast inn i eit høgdebasseng 5 meter over havnivå, som gir naturleg trykk på vatnet gjennom anlegget.