Stort engasjement for opplæringtilbodet neste skuleår, men ikkje alle fekk det som dei ville

– Saka om opplæringstilbodet har skapt stort engasjement, og vi har fått mange innspel. Det viser at dette er ei viktig sak som opptek mange i Vestland, seier Karianne Torvanger, leiar av hovudutval for opplæring og kompetanse.

– Saka om opplæringstilbodet har skapt stort engasjement, og vi har fått mange innspel. Det viser at dette er ei viktig sak som opptek mange i Vestland, seier Karianne Torvanger, leiar av hovudutval for opplæring og kompetanse.  Foto: privat

Nyheter

Eit samrøystes hovudutval har vedteke kva opplæringstilbod som skal lysast ut for skuleåret 2022/23 på dei vidaregåande skulane i Vestland. I inneverande skuleår er det totalt 982 klassar i den vidaregåande skulen i Vestland. Neste år vil det bli lyst ut 987 klassar. 407 av desse er på vg1.