Fekk måleri av lokal kunstnar i gåve då det var offisiell opning av den nye fløya

Måndag var det offisiell opning av den nye fløya på Kulatoppen omsorgssenter. Nybygget vart feira med musikk, taler og kake.

Gåve: Måleriet skal henge i den nye fløyen. Frå venstre: Tone Husevåg, Knut Løvdal Stauri og Øyvind Sunde.  Foto: Seline Larsen

Nyheter

– Det er ein kjempestor dag i dag. Det er så kjekt å vise folk eit slikt bygg. Alle er så begeistra for kor flott det har blitt. Det er veldig stas å endeleg få opna bygget, seier tenesteleiar ved Kulatoppen, Tone Husevåg, som stilte i bunad for anledninga.