Fleire tilsette i Helse Førde smitta – ventar fleire prøvesvar måndag

Seks tilsette i helseføretaket har testa positivt for koronavirus. Fire avdelingar er berørte.

Seks tilsette i Helse Førde har testa positivt for koronavirus. Illustrasjonsfoto frå Førde sentralsjukehus.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

I kring 110 personar har blitt testa som følge av smitte hos tilsette i Helse Førde. Søndag ettermiddag seier kommunikasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal, til Firda at det ikkje har blitt avdekka nye smittetilfelle som følge av dei tilsette som testa positivt.