Har starta snøproduksjonen for fullt

På Harpefossen Skisenter i Stad kommune har snøkanonane gått for fullt sidan laurdag ettermiddag. Men kva tid slalomløypene vert opna er uvisst.

Full guffe: Snøkanonane har gått sidan laurdag på Harpefossen skisenter.  Foto: Tore Kroken Karlsen

Nyheter

– Det er byrjar å bli litt mildare, men produksjonen går for fullt no, fortel operativ leiar ved skisenteret, Tore Kroken Karlsen.