Havlandet først med landbasert slaktelaks

FLORØ: I oktober vart INC-selskapet Havlandet historisk med leveranse av den aller første RAS-produserte slaktefisken av laks i Sogn og Fjordane.

STOR STAS: Det var stor stas for adm. dir i INC Invest Geir Johannessen og produksjonsleiar Fredrik Grahl-Jacobsen då den første landbaserte matfisken var pakka på Slakteriet i Florø.   Foto: Egil Aardal

Nyheter

Ein milepæl for selskapet Havlandet Ras Pilot, som no har gjort ein første dokumentasjon på at dei kan innfri dei biologiske og kommersielle føresetnadene for ei storskala utbygging av landbasert oppdrett. INC-konsernet har visjonar om eit fullskalaanlegg med 10.000 tonn laks på baseområdet i vest, men dei skal også satse på eit stort RAS-anlegg for torsk.