Vil gjere nordfjordingane endå friskare og meir produktive

Ein frisk medarbeidar er meir effektiv, produktiv og kreativ enn ein sjuk. No etablerer bedriftshelseselskapet Avonova seg på Nordfjordeid og vil hjelpe fleire bedrifter og organisasjonar i Nordfjord med å betre HMS-forholda.

Frå opninga av Avonova Nordfjord bedriftshelse sitt nye kontor på Nordfjordeid. Frå venstre; avdelingsleiar Kathrine Mørk serverer driftsleiar Marius F. Øksenvåg og varaordfører Siri Sandvik kake.   Foto: Erling Wåge

Nyheter

Måndag var det kake, taler, snorklipping av varaordføraren i Stad, og god stemning då Avonova Bedriftshelse opna sitt nye kontor på Nordfjordeid. Kontoret ligg i eit lokale der det var verkstad tidlegare ved gjestehamna i Kaivegen. Lokalet er no pussa opp til topp moderne lokale.