– Økonomiverktøyet vårt er eit uoversiktleg mareritt

I tidlegare møte har politikarar i Kinn kommune uttrykt frustrasjon over verktøyet Framsikt. Framsikt blei også eit tema tysdag då Jacob Nødseth (V) meinte at budsjett- og økonomiplanen sin form er utfordrande. Han meiner kommunen sitt verktøy er eit lite mareritt.

Jacob Nødseth (V) og Arlene Vågene (H) var to av fleire medlemmar i formannskapet som ønsker at verktøyet Framsikt skal bli meir oversiktleg og brukarvennleg.   Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

Framsikt er eit administrativt verktøy som ein del norske kommunar og fylkeskommunar har for analyse, planlegging, budsjettering, rapportering og styring av verksemda.