Her står det framleis tomt: – Det er trasig med tanke på bygda og alt som skal skje framover

Roger Hamre, gjorde saman med kona, Nina Hamre, i fjor eit val om å legge ned butikken og gatekjøkkenet i sentrum av Selje. Håpet var at nokon andre vil sjå nytten av å drive vidare.

Tomt: Roger Hamre dreiv butikk og gatekjøken saman med kona Nina i ei årrekke. Trass i fleire forsøk for å få nokon til å ta stafettpinnen vidare, har ikkje nokon meldt si interesse.   Foto: Bjørn Erik Drabløs

Nyheter

No, eit knapt halvår seinare, er det framleis lite som tyder på at det vil skje, trass i at valet om å legge ned ikkje handla om at drifta gjekk dårleg, snarare tvert imot. Det var arbeidsmengda som blei for stor for familien aleine.