Yrkessjåførar meiner ein må gjere noko med haldeplassane: – Trafikkbildet er uoversiktleg for små barn

Både Jostein Hals og Terje Lykkebø, som begge er bussjåførar, meiner krysset ved Turnhallen i Måløy er svært uoversiktleg. – I tillegg har trafikkbildet endra seg mykje dei siste tiåra, seier Hals.

To bussar kjem i retning Turnhallen for å sleppe av og ta på elevar ved busshaldeplassen.   Foto: Kjellrun Åsebø

Nyheter

– Det er lett å seie at det no stort sett alltid har gått bra. Men trafikkbildet i dag er eit heilt anna enn på 80-talet då eg gjekk ut av bussane og opp til ungdomsskulen. Det er eit mykje meir uoversiktleg trafikkbilde no, og skuleelevane er blitt yngre, seier han.