Det kan lønne seg å «ta lodd»: Skulen vann 3,5 millionar

Måløy vidaregåande skule sendte inn ni søknadar til Utdanningsdirektoratet i samband med ei tilskotordning og eit forskingsprosjekt. Og fekk innvilga alle.

MVS Måløy vidaregåande skule  Foto: Kjellrun Åsebø

Nyheter

– Vi har fått veldig god utteljing på søknadane våre. Måløy vidaregåande skule fekk innvilga alle ni søknadane frå programområda bygg- og anleggsarbeid, teknologi- og industrifag, restaurant og matfag, barne- og ungdomsarbeid, naturbruk og maritime fag, og det er veldig gledeleg, seier Anita Hoddevik som er avdelingsleiar for teknologi- og industrifag og bygg- og anleggsfag ved skulen.