Fekk varsel klokka 4 i natt. Var klare med beredskap for å ta seg av passasjerar og besetning

Det er ingen ønskedraum for ein kommune å få eit havarert hurtigruteskip i fjæresteinane. Heldigvis gjekk det veldig bra denne gangen, men Kinn kommune var klare til å steppe inn med bistand.
Nyheter

– Vi har sett dramatiske hendingar den siste tida med store båtar og mange folk om bord, men no ser det heldigvis ut til at dette går bra så langt. Men som kommune står vi i beredskap for denne typen hendingar, og det var vi også førebudd på i dag, seier ordførar i Kinn, Ola Teigen, til Fjordenes Tidende.