Hurtigruten har gått på grunn med 398 personar om bord

Hurtigruten Fridtjof Nansen gjekk på grunn sør av Gangsøya natt onsdag. Det skal ha skjedd litt etter klokka tre i natt, melder Hovudredningssentralen.

Skipet skal ha komme seg til Trollebø hamn i Måløy, og har hatt assistanse frå redningsskøyta Bergen Kreds som held til i Måløy.  Foto: Gjert Myrestrand

Nyheter

Skipet skal ha komme seg til Trollebø hamn i Måløy, og har hatt assistanse frå redningsskøyta Bergen Kreds som held til i Måløy.

Hurtigruten Fridtjof Nansen gjekk på grunn ved Gangsøy i Måløy. No ligg skipet på Trollebø medan politiet gjer undersøkingar.   Foto: Erling Wåge

– Dei held no på med undersøkingar internt ombord i fartøyet og ser på omfanget. Det er ikkje meldt om personskadar eller assistanse frå andre, seier operasjonsleiar ved Hovudredningssentralen til Fjordenes Tidende.

Ifølgje politiet skal det vere 398 personar ombord. Det skal vere 233 passasjerar ombord og 165 tilsette. Det er ikkje meldt om at nokon har blitt skada i grunnstøytinga, men skipet skal ha fått skadar på skroget.

Hurtigruten gjekk på grunn ved Gangsøy i Måløy.   Foto: Skjermdump

Hurtigruta ligg no stabilt til kai på Trollebø. Politi og brannvesen er på staden. Politiet er om bord for å gjere undersøkingar og snakke med mannskap og passasjerar, fortel Fjordenes Tidende sin journalist på staden, Gjert Myrestrand.

Kinn brann og redning viser til politiet for informasjon om hendinga.

Ifølgje Hovuredningssentralen er også alle passasjerar framleis om bord.

– Vi har ingen informasjon om noko anna, seier operasjonsleiar.

Ekstremvêret Gyda er meldt, og folk har tatt forholdsreglar. Men likevel har no Hurtigruten allereie gått på grunn, og fleire fjellovergangar er stengt. Riksveg 15 over Strynefjellet er blant dei.

Akkurat no bles det berre 17 meter per sekund i Måløy.

Følg med på Fjordenes Tidende sine webkamera.