Ikkje bli uroa når du høyrer varslingsalarm klokka 12. Det er ei øving

Onsdag 12. januar klokka 12 kommer Sivilforsvaret til å teste sine varslingsanlegg.

Sidan det er meldt ekstremvêr og fleire hendingar allereie har skjedd mange stadar som følge av vêret, er Sivilforsvaret opptatt av å få beskjeden ut til befolkninga om at varslinga som kjem klokka 12 berre er ei øving. Illustrasjonsfoto  Foto: Christina Cantero

Nyheter

Sidan det er meldt ekstremvêr og fleire hendingar allereie har skjedd mange stadar som følge av vêret, er Sivilforsvaret opptatt av å få beskjeden ut til befolkninga om at varslinga som kjem klokka 12 berre er ei øving.

øvinga var planlagt før Gyda meldte sin ankomst, og før hurtigruteskip gjekk på grunn og fjellovergangar blei stengde.


Hurtigruten har gått på grunn med 398 personar om bord

Hurtigruten Fridtjof Nansen gjekk på grunn sør av Gangsøya natt onsdag. Det skal ha skjedd litt etter klokka tre i natt, melder Hovudredningssentralen.


– Varslingsprøven er framleis ei av to årlege testar av anlegga, og har ikkje noko med Gyda å gjere, seier distriktssjef Stein Morten Rønningen i Sogn og Fjordane sivilforsvarsdistrikt.


Høyr brann og hamnevesen forklare: Sender dykkarar ned for å filme skadane

Det ser ut til at hurtigruteskipet Fridtjof Nansen kjem til å bli liggande der det er, og fleire trosser er no på plass for å halde det trygt til kai.


Han vil ikkje at folk skal bli bekymra og redde.

– Det kan vere at enkelte blir unødig uroa ved eit slik samantreff som i dag, derfor går vi ut med beskjed om at dette berre er ei øving.