Kommuneleiinga: Før 2022 er over veit innbyggarane kvar ny barneskule skal byggast og kva den kostar

Ordførar Ola Teigen og kommunedirektør Terje Heggheim vil trygge elevar, foreldre og tilsette om at Skram skole er prioritert. Intensjonen er at kommunestyret i løpet av 2022 landar ny skule med realistisk kostnadsramme på rett tomt i Måløy.

Kommunedirektør Terje Heggheim og ordførar Ola Teigen jobbar hardt med å realisere ein ny Skram skole. Her er dei på kommunehuset i Måløy onsdag.  Foto: Kjellrun Åsebø

Nyheter

Når Fjordenes Tidende spør om kva som ligg i orda høgt prioritert når skulen ikkje er med i budsjettet, er Teigen og Heggheim klar over at det ikkje framstår slik. Men dei understrekar at skulen er høgt prioritert