Naudetatane har førebudd seg på «Gyda»: – Ikkje beveg deg ut om du ikkje må

Ekstremvêret er venta å slå inn for fullt onsdag. Politi og brannmannskap har budd seg på eventuelle konsekvensar.

Følger tett med: Polititenesteleiar Rognald Dvergsdal oppmodar folk til å halde seg heime.   Foto: ERLING WÅGE

Nyheter

– Vi har sikra oss at vi har folk på vakt både i Måløy, på Eid og i Stryn. Då har vi politifolk på vakt i heile Nordfjord dersom det skulle bli avskjeringar i vegnett eller kommunikasjon, fortel tenesteleiar ved Måløy politikontor Rognald Dvergsdal.