Ny Skram skole har allereie blitt over 30 millionar billigare, men dette er ikkje kommunisert ut

Prosjektkostnadane for å bygge ny Skram skole var sett til 330 millionar inkludert mva. då politikarane i haust vedtok at ein skulle gå gjennom prosjektet og sjå på kostnadsbesparande tiltak. Men at ein faktisk allereie har klart å ta ned kostnadane med over 30 millionar har enno ikkje blitt kommunisert ut.

I møtet til prosjektutvalet 3. november orienterte prosjektleiar Vidar Andersen om framgangen i prosjektet og at ein seinare same dag venta kalkylen for kor mykje dei kunne spare inn på dei kostnadsbesparande tiltaka dei hadde kome fram til og spelt inn.   Foto: Kjellrun Åsebø

Nyheter

– Vi har ikkje offentleggjort rapporten rundt dei kostnadsbesparande tiltaka enno. Litt av problemstillinga er at heile debatten rundt økonomiplanen kom inn og øydela for presentasjonen vi hadde tenkt å ha. Så vi har ikkje fått presentert den for politikarane enno. Men det er riktig at det er gjort eit betydeleg arbeid med å redusere kostnadane ytterlegare, seier prosjektsjef Oddgeir Nygård i Kinn kommune til Fjordenes Tidende.