Fann 47 positive koronaprøver

Etter onsdagen sine rekordtal, med 126 positive prøver, rapporterer Helse Førde torsdag om funn av 47 positive av 87 analyserte koronaprøver.

Sjølv om talet på positive prøver gjekk ned frå onsdag til torsdag, er andelen av positive prøver i prosent av dei analyserte aukande i Sogn og Fjordane. Onsdag blei det funne 47 positive av 87 analyserte prøver.  Foto: Kjellrun Breidalen

Nyheter

Helse Førde har aldri tidlegare funne fleire covid-positive prøver enn i går, onsdag, då talet på positive prøver var 126 av 301 analyserte.

Tala frå torsdag er 47 positive av 87 analyserte prøver.


Ny rekord: 126 positive prøver det siste døgnet

Helse Førde sitt laboratorium har analysert 301 prøver frå kommunane som soknar til sjukehuset det siste døgnet. 126 av dei var positive.


Tala frå Helse Førde for den siste veka ser slik ut:

Tysdag 4. januar: 248 analyserte prøver, 94 positive

Onsdag 5. januar: 145 analyserte prøver, 31 positive

Torsdag 6. januar: 135 analyserte prøver, 23 positive

Fredag 7. – søndag 9. januar: 180 analyserte prøver, 51 positive

Måndag 10. januar: 15 analyserte prøver, 6 positive

Tysdag 11. januar: 301 analyserte prøver, 126 positive


Det er per 13. januar éin pasient inneliggande med covid-sjukdom i Helse Førde. Denne pasienten ligg på intensivavdelinga og får behandling med respirator.