Fleire vegar i det gamle fylket er stengde grunna uvêret

Fleire vegar i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn er stengde på grunn av skredfare.

Stengd: Strynefjellet blir stengd til ut på dagen om fredagen.  Foto: Statens vegvesen

Nyheter

Desse vegane er heilt stengde:

  • Fv. 609 Heilevang i Sunnfjord
  • Fv. 5744 Fossebakken-Navelsaker ved Navelsakerstranda
  • Fv. 5722 Veslebygda-Flo
  • Fv. 5723 Sande-Bødal
  • Fv. 5724 Sandnes-Briksdal
  • Fv. 5720 Hjellestranda

Ingen av dei vert opna i løpet av torsdagen.

– Vind i høgfjellet og nedbør gjer at det er framleis er stor skredfare i området, fortel Eivind Ytri i Vestland fylkeskommune.

Riksveg 15 over Strynefjellet er heilt stengd i begge retningar grunna fare for snøskred. Førebels vert det stengd til ut på dagen fredag.

Desse vegane er opne, men kan bli nattestengde:

  • Fv. 5637 Skjolden – Urnes
  • Fv. 5641 Hafslo – Veitastrond
  • Fv. 5600 Vik – Arnafjorden
  • Fv. 5602 Vangsnes – Fresvik
  • Fv. 5606 Menes
  • Fv. 55 Esebotn
  • Fv. 5623 Bakkavegen
  • Fv. 5625 Skjerdalsvegen

– I tillegg er det vegar som er stengde mellombels grunna hendingar på vegen, seier Ytri.

To kommunale vegar i Stad kommune er stengde midlertidig grunna uvêret. Ifølgje Stad kommune stengde dei kommunal veg (4040) i Kjølsdalen mellom Haugebrua og Bugjerde onsdag grunna flaum. Omkøyring via privat veg. Kommunal veg (4535) frå Drage til Indre Fure er midlertidig stengt på grunn av rasfare. Det er her ingen moglegheit for omkøyring

Følg med på www.175.no for status på opne og stengde vegar.