Kraftig vind med orkan i kasta stoppar ferja

Ferjesambandet Lote- Anda måtte torsdag kveld innstille avgangane inntil vidare på grunn av vinden som hadde tatt seg opp til orkan i kasta.

Torsdag kveld stoppar sterk vind ferja mellom Lote og Anda. Illustrasjonsfoto.  Foto: Erling Wåge

Nyheter

På E39 blir ferjestrekninga Anda - Lote innstilt inntil vidare på grunn av kraftig vind med orkan i kasta.

Det er Vegtrafikksentralen Vest som melder dette.

Klokka 00.30 var ferja i normal drift igjen, men forseinkingar måtte påreknast.